KVA VI KAN TILBY

 

 

   

   

 


Nordfjordkjøkken - med auge for detaljar!

 

Det heile begynte i 1948 i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Etter 1960 gjekk det meir over til å produsere kjøkken, bad og garderobar. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet. Nordfjordkjøkkenet fekk sitt namn, og fabrikken var den første som begynte marknadsføring der namnet Nordfjord vart nytta. I dag er det 2. og 3. generasjon som driv bedrifta med 15 ansatte. 

 

 

Nordfjordkjøkkenet skreddarsyr kjøkken frå grunnen av på eigen fabrikk.  Sjølv med fleire datastyrte bearbeidingsmaskiner foregår mange av operasjonane på gamle maskiner etter gamle handverkstradisjonar.  Det vi driv med er industrielt handverk og ikkje to kjøkken er like.

45 ulike operasjonar på om lag 25 ulike maskiner må til før eit kjøkken med t.d. heiltre fyllingsdører er klar for levering. Med så mange ulike prosessar er vi heilt avhengige av fagfolk av møbelsnekkarar og trearbeidarar. Nordfjordkjøkkenet er laga av menneske, ikkje av automatiserte maskiner, og akkurat dette er eit viktig fortrinn for oss. Dette gjev betre kontroll på kvar ein detalj, styrker kvaliteten, og er ein tryggleik både for oss og kunden! 

 

I konkurranse med andre kjøkkenleverandørar der utstrakt bruk av underleverandørar dominerar,  er vår eigen produksjon med på å gjere oss unike i norsk samanheng. Merkevara er bygt over 60 år og har gjort oss annleis nok til å kunne etablere oss som ei bedrift der betalingsvilje, lojalitet og lidenskap for produktet er stor. 

 

I dag blir vi valde fordi vi er tru mot historia og kjerneverdiane våre. Folk veit vi kan lage akkurat det dei ønskjer seg, alt frå det gamle herskapelege til det supermoderne med elektronisk opning av skuffer og dører. Alle kjøkken blir teikna og skreddarsydd etter kundens ønsker og idear, der muligheter og begrensningar vert nøye vurdert i samråd med kjøkkenkonsulentar. Dine ønskjer er vår utfordring!

 

Eigen produksjon og ingen fordyrande salgsledd gjer at vi faktisk klarer å ha priser som interesserar dei fleste. Vi monterer det meste av kjøkkenet saman før levering, det bidrar for deg betydelige innsparte monteringskostnader, samt at det gjev oss ein større tryggleik om at sluttresultatet blir slik vi ønskjer det. Flatpakka er for oss blitt eit skjellsord. 

 

Med pris og kvalitet i betraktning har vi som ei lita handverksbedrift i Nordfjord klart å posisjonere oss som ein av landets fremste kjøkkenaktørar på marknaden. 

 

Ta gjerne kontakt for ein god prat om ditt framtidige kjøkken, eller ta eit tur opp i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid å få hjelp til ditt kjøkken! Vi teiknar og gjev deg gode råd!

 

 


 

KVIFOR VELJE OSS?

Fordi vi produserar alt sjølv har vi nokre fordelar:

 

· Lagar alle modular etter kva mål som passar best til rommet ditt. Heller ein modul med spesielle mål enn å nytte ei skjemmande utforing. Alt dette utan tillegg i pris.

 

· Du står heilt fritt til å velje farge. Vi blandar og beis for å finne fargen du vil ha.

 

· Om du treng ny front etter nokre år, så har vi muligheit til å lage ny.

 

· Kjapp leveringstid.

 

· Vi nyttar 55 cm som standard-djupne på skuffene. (Her er aktørar på marknaden i dag som  nyttar 45 cm djupne.) Dette utgjer faktisk ein heil del i lagringsplass på eit heilt kjøkken!

 

· Konkurrerer godt i pris med dei aller fleste!

 

· Vi legg til rette for enklast mogleg montering:
   - Alle skrog blir levert ferdig samansette, med skuffer og dører ferdig monterte. 

   - Vasken vert ferdig montert i benkeplata, vi skjer ut for koketopp og fresar i hop alle skøytar.

   - "Flatpakka" er for oss eit skjellsord. Alle skrog blir levert ferdig samansette, med skuffer og dører ferdig monterte. 

 

· Vi borar og hol for handtak på dei fleste skuffer.

 

· Kom og sjå korleis kjøkkenet blir produsert. Utstillingslokale ligg i same bygg som fabrikken.